infomedia uib bestilling av teknisk utstyr

Ver venleg og les denne sida før du bestiller

Rammeavtalar

UiB har inngått ei rekke ramme- og innkjøpsavtalar for varer og tenester. Rammeavtalar set vilkår for dei kjøp som blir gjort i avtaleperioden. Gjennom desse avtalane kan UiB sikre seg gode prisar, og gunstige vilkår for garanti og vedlikehald.

Vi kan berre kjøpe varer som er i tråd med desse avtalane.

Les meir om rammeavtalar

Alt teknisk utstyr må bestillast slik det er forklart på denne sida. Tilbakebetaling for utstyr kjøpt privat blir vanlegvis ikkje godteke.

Datamaskin

Kjøp av datamaskiner er begrensa til:

  • Dell Latitude, Precision og Optiplex PC-ar frå atea.no
  • Apple Mac datamaskiner frå dustin.no


Sjå UiB si side om kjøp av PC-ar.

For PC-ar (ikkje Apple) må du oppgi om du vil ha Windows eller Linux på maskina.

Datamaskinene er allereie satt opp med drift frå IT-avdelinga då dei kjem frå fabrikken.

Viss desse maskinene ikkje dekkar dine behov, må du få særskild godkjenning frå IT-avdelinga til å kjøpe maskin utanfor avtale. Du kan kontakte IT-avdelinga på hjelp.uib.no.

Dataskjerm

Forhandlar: atea.no

Anna datautstyr

Mus, tastatur, dokking, harddisk/SSD, headset, datakablar, osb: atea.no. Sjå og anbefalingar frå IT-avdelinga

Tilleggsutstyr til Mac: dustin.no

reMarkable: elkjop.no

Mobiltelefon

Forhandlar: dustin.no

Merk at det er særskilde krav ved kjøp av mobiltelefon ved UiB.

Elektroniske komponentar

Forhandlar: RS Components

Lyd- og bildeutstyr

Vi har inga avtale for lyd- og bildeutstyr som kamera, mikrofonar, osb.

Vi brukar å kjøpe slike ting frå foto.no, Mediability og Scandinavian Photo, evt atea.no.

Programvare

Microsoft Office kan lastast ned frå office365.uib.no.

Programvare frå Adobe kan bestillast gjennom denne sida.

For anna programvare sjå informasjon om programvare på hjelp.uib.no

Spesialprogramvare kan vere utfordrande å kjøpe. Vi kan kun bestille frå norske forhandlarar og eit begrensa antal internasjonale forhandlarar som er registrert i innkjøpssystemet.

Sende bestilling

For å bestille teknisk utstyr send epost til kurt.gjerde@uib.no

Eposten må innehalde:

  • Lenker til det du vil bestille frå forhandlarane som er lista opp på denne sida
  • Beskriving av det som skal bestillast (det kan hende at enkelte tilpassingar ikkje kjem med i lenkene)
  • Arbeidsstad med etasjenummer (Fosswinckels 5. et, Fosswinckels 6. et, MCB, MediaFutures)
  • Delprosjektnummer. Dette kan du få tak i frå økonomifolka.

: )

Kontakt

Kontakt meg gjerne for andre
spørsmål ang bestilling
kurt.gjerde@uib.no