Terrengløpet
(NOR 1995, 17 min)
Å springe terrengløp er ikkje nokon spøk, iallfall ikkje når ein er elleve år og har ei dum mor som oppmann og ein trenar som heiter onkel Oskar. Han har følgjande råd før start: 1. Eta ein stor porsjon kjøttkaker og grøne erter. 2. På med to lange underbukser, treningsbukse, raggsokkar, genser og anorakk. 3. Bøy knea, løft knea, spring. Men da terrengløpet er ferdig, veit guten korleis han skal ta ein grusom hemn over dei vaksne... Ein burlesk og sprø novellefilm basert på Torvald Sunds "Terrengløpet" frå boka "Onkel Oskar spring naken heim til jul." (NFI)