INFOMEDIA UIB FILMKATALOG
Salesman (USA 1969, 91 min) Ein seljars nød
Albert Maysles, David Maysles, Charlotte Zwerin • Paul Brennan, Charles McDewitt, James Baker, Raymond Martos
I denne komisk-tragiske fluge-på-veggen-dokumentaren møter vi fire katolske menn som går frå dør til dør for å selje biblar. Det er ikkje ein takksam jobb. Dei må heile tida streve for å selge nok. Ein av dei fire, Paul Brennan; ein middelaldrande og sliten mann, klarer ikkje å møte krava så godt som før, og filmen følger hans gradvise fallitt som følge av at han ikkje lenger har den energien som trengs. Han er lei av å kome heim etter arbeid utan å ha selt nokon ting, og han er lei av heile det systemet som han har vore ein del av i fleirfaldige år.
Det er difor ein tragisk film å sjå. Men all denne tragedien presenterast ved sidan av humor av ymse slag: For eksempel er Bibel-utgåva ganske spesiell og ikkje lett å selje. Den er for det første ganske dyr. $ 49.95 var mykje pengar i 1969. Når i tillegg alle kjøparane har ein Bibel frå før, blir det heile nesten ei meiningslaus oppgåve for dei trufaste fire. Likevel er dette aldri utdriting av hovudpersonane. Paul Brennan og Maysles-brødrene vart gode vener, og fortsette med det heilt til Brennan døydde. Det beviser sjølvsagt ingenting, men det gir oss eit hint om at han (og dei andre) følte seg behandla med respekt, og at dei ikkje følte seg utidig utlevert. (NFI)

EKSTRAMATERIALE
Director-approved transfer
New and improved English subtitles for the deaf and hard of hearing
ALBERT MAYSLES ON SALESMAN An exclusive interview filmed in 2006 by Mark Rance with Al in NY. (30 minutes)
KENNIE TURNER & ALBERT MAYSLES Q&A, 2005 Filmed at Facets, Chicago, after a screening of the film.
VINTAGE TRAILER
40-page booklet with vintage articles, interviews, rare photography and new writing
2790 dvd-video 2
Søk i Oria: Salesman Ein seljars nød