Olav H. Hauge - Den andre mannen
(NOR 2008, 157 min)
Olav H. Hauge
Olav H.Hauge levde det meste av livet som eplebonde i den vesle bygda Ulvik i Hardanger. Frå han var 16 år gammal,skreiv han dagbok og eigne dikt. Einsam og isolert fordjupar han seg i verdslitteraturen. I lange periodar var han tvangsinnlagt på psykiatrisk sjukehus, og slapp med eit nødskrik lobotomering. Men gjennom diktinga si vann han litt etter litt livet tilbake. 53 år gammal fekk han endeleg kunstnerisk gjennombrot. På 60- og -70 talet vart han ein myte: Gartnaren, Poeten og Vismannen fra Hardanger. Og mot alle odds finn han den store kjærleiken og gifter seg nærmare 70 år gammal. Olav H.Hauge er i dag omsett til nærmare 30 språk. "Den andre mannen" er både ein biografisk film og ei poetisk reise i Olav H.Hauge sitt univers.
"Grenseerfaringane, det at han var både på og over grensa i sitt eige liv kan vera noko av grunnen til at han kom så langt også i diktinga si". - Jon Fosse (NFI)
EKSTRAMATERIALE: 100 min
- Intervju med Jon Fosse, Einar Økland, Erling Lægreid, Robert Bly, Jens Haukås, Idar Stegane, Erica Weeda, Francois Monnet, Bodil Cappelen og Elisabeth Vallevik